Fordomar mot Israel
Avsluttande tilsvar til Thor Warberg
Då Thor Warberg opplyser (Hallingdølen 5.1.) at han no gir opp diskusjonen om Israel, skal ikkje eg vera den som terpar vidare.
Men fordomane mot Israel er så mange, og dekninga i dei fleste media er så skeiv og mangelfull, at det alltid vil trengast utfyllande stoff for å skapa ein viss balanse i framstillinga av det som hender i dette eineståande landet. Når ein ser kva jødane og det israelske samfunnet har skapt sidan 1948 – med krigar og islamistisk jihad hengjande over seg heile tida – er det eit mirakel. Ikkje noko mindre !
Tore Nilsen rår meg til å lesa boka Morgen i Benin av S. Abulhawa. Takk, den har me forlengst innabords, konsekvent einsidig, men interessant. Kanskje Nilsen vil auke kunnskapane på si palestina-arabiske side? Eg tilrår bøkene Israels sak av Alan Dershowitz, Islam og terrorisme av Mark Gabriel og, kanskje særleg, eit abonnement på tidsskriftet SMA-info, utgjeve av Senter Mot Antisemittisme. Der er artiklane såpass grundige og skarpe at ein kan risikere å bli vaksinert mot jødehat.
Hallgrim Berg
MIFF Hallingdal
Orginalartikkelen han kommenterer, finnes på nett, men det krever abonnement å lese det. Dette tilsvaret er sendt avisen 9. januar 2012. Uthevinger foretatt av oss.