Generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd Olav Fykse Tveit og leiar i rådet Ingrid Vad Nilsen meiner begge at Israel må stanse bygginga av muren
17.02.2004
– Den muren som vert bygt av Israel, fortel om fiendskap. Muren står der som eit taust, men talande vitne om at ein ikkje har overvunne fiendskap med fredelege, politiske middel. Dette seier Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja i ei fråsegn som vart vedteke på møte i rådet tysdag. Rådet meiner at både dei som byggjer muren og dei som vert sjølvmordsbombarar handlar i redsel.
Mellomkyrkjeleg råd har fleire gonger peika på at det må bli slutt på all terror mot sivile i konflikten mellom Israel og palestinarane. Rådet meiner at muren i seg sjølv skaper ei konflikt, sidan han er eit brot på menneskerettane.
Den lutherske kyrkja i Jordan og Palestina har meint at muren heller vil svekkje tryggleiken for Israel enn styrkje den. Den norske kyrkja har eit nært samarbeid med denne kyrkja, og ønskjer å stå saman med henne.
– Når våre medkristne i dei palestinske kyrkjene ber oss om å tale høgt om urett og å seie nei til denne muren, kan vi ikkje snu oss bort, heiter det i fråsegna frå Mellomkyrkjeleg råd.
Slik lyder heile fråsegna:
«For Han, Kristus, er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.» (Ef 2,14) Vi kan som kyrkjer ikkje gje plass for fiendskap mellom folk, stammer, kulturar og nasjonar. Vi ber om at alt som skaper fiendskap, blir rive ned.
Israel byggjer i desse dagar ein mur langt inne på dei palestinske områda. Mellomkyrkjeleg råd vil ta avstand frå bygginga av denne muren.
Den muren som blir bygt av Israel, fortel om fiendskap. Muren står der som eit taust, men talande vitne om at ein ikkje har overvunne fiendskap med fredelege, politiske middel. Muren blir bygt i redsel. Å sprengje seg sjølv i lufta for å skade og drepe andre er forkasteleg. All terrorisme mot sivile skaper redsel. Denne redselen skaper indre og ytre murar. Difor tek vi avstand frå den terrorismen sjølvmordsbombarane står for. Israel må i samsvar med folkeretten stoppe sin praksis med kollektiv straff mot uskuldige palestinarar og avslutte okkupasjonen. Alle partar må stoppe opp og spørje kva som fører til fred, rettferd og vern om menneskeverdet.
Muren er ikkje berre ei forteljing om fiendskap. Muren skaper sjølv fiendskap. Muren blir bygt til dels langt inne på palestinsk grunn. Dette er i strid med folkeretten. Å bygge denne muren er å støype urett fast med betong. Okkupasjonen vert bokstavleg tala sementert. Menneske blir frårøva den jorda dei dyrkar, eldgamle olivenhagar vert skore ned, retten til å leve eit normalt liv, i fellesskap med naboar, slekt og vener vert teke frå ein. Muren hindrar born i å gå på skulen og arbeidsfolk i å gå på jobb. Muren skil palestinarar frå palestinarar og hindrar kontakt og samarbeid mellom palestinarar og israelarar.
Det vert ikkje fred utan rettferd. Det vert ikkje fred med overgrep av noko slag. Om muren vert ståande, vert han eit monument over fiendskap, ufred og urett.
Mellomkyrkjeleg råd meiner at:
bygginga av muren må stansast.
muren som alt er bygd, må rivast ned.
konfiskert jord må gjevast attende til eigarane.
det må betalast kompensasjon til dei som har fått jorda si og eigedomane sine øydelagde.
Mellomkyrkjeleg råd støttar Norges KFUK/KFUM og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Palestina og Israel og deira engasjement mot bygging av muren.
Som kyrkje skal vi vitne om han som er vår fred. Vi skal vitne om vår tru på at fiendskapen mellom menneske kan rivast ned. Vi oppfordrar alle kyrkjer i vårt land til å tale klart mot all terror mot sivile, å tale klart om fred og rettferd for alle menneske, og å ta stilling til den urett sivile vert utsett for ved bygginga av muren. Når våre medkristne i dei palestinske kyrkjene ber oss om å tale høgt om urett og å seie nei til denne muren, kan vi ikkje snu oss bort. Som kyrkje står vi saman med alle menneske som vil skape rettferd og fred.
Det er mange som ber om fred for Jerusalem. Måtte Gud gje fred med rettferd for alle menneske i og rundt Jerusalem som treng det – no!
(Kirkeinfo)
Kontakt for kommentarar:
Generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd Olav Fykse Tveit,
tlf. 97 65 88 51