Agderposten har 7. april ein opplysande kommentarartikkel om NRK og Midtausten, der ein ser at alle dei åtte siste korrespondentane er plassert godt utpå den politiske venstresida. Dette er ein viktig del av forklaringa på kvifor Noreg – ved sida av Sverige – har utvikla seg til å bli dei mest anti-israelske samfunna i Europa. I enkelte heimlege miljø tyt no anti-semittismen såpass sterkt fram at det tidvis minner om tilstandane i muslimske gettoar i Paris, Torino, Luton og Køln.
Desse korrespondentane har i manns minne, mest utan unntak, hatt ein klar venstreorientert profil. Dei har makt. I sin unike posisjon har Sidsel Wold truleg større politisk påverknad i norsk opinion enn nokon politikar.
Profilen kjem til uttrykk i val av stoff og informantar, tema, intervjuobjekt, vinklingar, personlege kommentarar osv. Det er tendensen i dei daglege drypp og innslag over tid som er avgjerande for slagsida.
Agderposten skriv at eg på eit foredrag i ”Med Israel for fred” i Arendal 8. februar ”advarte mot ekstrem islamisme i vår del av verden.” Det er heilt rett. Men det er ikkje rett at eg ”nærmest harselerte over Sidsel Wold og NRKs dekning av Midtøsten.” Harselas tyder ”å drive ap med.” I den timelange talen heldt eg meg til saka og dokumenterte mine utsegner.
Det einaste morosame eg sa, var: ”Før hadde me Odd Karsten Tveit i to kanalar, no har me Sidsel Wold i fire.” Eg hadde ikkje rekna med slik jubel i salen.
Det opplyste publikumet i Arendal hadde nok merka seg at Sidsel Wold stadig brukar personlege og negativt farga uttrykk om Israel, den israelske regjeringa, det israelske forsvaret, og jamvel jødane. Me høyrer om ”krigsmaskinen,” ”ekstremistregjeringen,” ”løgnerne i IDF,” osv. Ho konstruerer bilete der statsminister Nethanyau blir sett i bås med den amerikanske senatoren Mc Carthy. Ho er søkjande og intervjuar helst folk på den israelske venstresida. På den store Arabia-sendinga i NRK P2 11.mars sa Sidsel Wold kl. 09.15 at ho hadde elska Israel, men ”føler meg nå mer hjemme i en levende arabisk verden.”
Ja visst. Er demokrati – med frie val, frie media og uavhengig rettsvesen – alt innført i dei arabiske landa?
Med oppgitt røyst oppsummerte ho vidare frå si tid: ”Israel er blitt mindre demokratisk, mer religiøst, mer fundamentalistisk…” Ja, ho kan jo beklage at Israel tek imot så mange jødiske immigrantar frå Russland og andre statar der folk har opplevd kommunisme på kroppen, men ho treng vel ikkje demonstrere at ho blir sur for at desse folkegruppene ikkje primært vil røyste på sosialistiske parti i eit fritt Israel ?
Rett skal vera rett: Sidsel Wold (som Tveit, Sunnanå, Munch, m.fl.) har levert mykje godt og opplysande stoff frå Midtausten. Men kritikk blir ikkje tolt. Arrogansen toppa seg då ho (og NRK-leiinga) prøvde å ro seg vekk frå det faktumet at eit ”intervju” med Manfred Gerstenfeld var forfalska, etterpåvridd, og med ”tolkingar” full av faktiske feil.
At Sidsel Wold får ein pris frå Ap-Raymond og Flyktningehjelpen, kan vera ei grei kvittering for godt utført jobb i fleire år. Men det er påfallande at det i grunngjevinga for prisen måtte understrekast særskilt at hennar journalistikk frå Midtausten hadde skjedd utan å ta farge av ”egne meninger og følelser.” Den i juryen som las opp dette, var korkje Raymond Johansen eller Stein Ørnhøi, men Kristin Clemet.
Kva blir det neste? Statue på Marienlyst?
Hallgrim Berg
historikar, kulturist