Melchior: Israel umoralsk

 Av Johannes Morken
Publisert 27.08.2004, Vårt Land

 

«Men for meg er det ikkje avgjerande kva jødisk innhald vi har i staten»
(Michael Melchior, en rabbiner…)

Ultrakapitalisme gjer Israel til umoralsk stat, hevdar rabbinar Michael Melchior i eit hardt oppgjer med Sharon-regjeringa
Melchior sit i nasjonalforsamlinga Knesset og leverer utfallet i den fyrste av ein serie artiklar i den israelske avisa Haaretz. Han skriv om skrikande fattigdom, større skilje mellom rik og fattig og rask nedbygging av velferdsstaten.
Melchior skriv rett ut at den aukande armoda som følgje av sosialpolitikken, går på heile grunnlaget for ein jødisk og demokratisk stat laus.
Til Vårt Land seier Melchior at innlegget er meint i den indre politiske debatten i Israel. Artikkelen er skriven ut frå ei djup uro over «den ultrakapitalistiske politikken» regjeringa fører.
Trugar menneskeverdet.
Melchior fortel om eit møte med ei gruppe barn i byen Lod eit par kilometer frå den internasjonale flyplassen Ben Gurion. Somme av barna viser korleis dei kan setje narkosprøyter slik dei vaksne gjer. Andre forbannar staten.
«Det er vanskeleg å klandre dei», sukkar Melchior som fortel at opprustingsplanar for fattige Lod er stogga. Han skriv:
«Israel som definerer seg sjølv som «ein jødisk demokratisk stat», er blitt ein av dei mest umoralske statane i den vestlege verda». Han legg til at det enorme inntektsgapet mellom rike og fattige trugar menneskeverdet, og «skaper alvorleg tvil om retten vår til å bli kalla ein jødisk demokratisk stat».
Rabbinaren minner om at for få år sidan låg Israel på topp i utdanning og hadde eit helsesystem med internasjonalt ry, jamvel om den økonomiske situasjonen var verre enn i dag.
«Som dyr». Her er fleire klagemål:
* Ein og ein kvart million menneske lever under fattigdomsgrensa.
* 366.000 barn i risikosona vert avviste og sette på gata.
* Samfunnet handsamar framandarbeidarar «som om dei var dyr».
* Samfunnet «foraktar sine gamle og overlet dei til å rote i søpla».
Melchior leier den Knesset-komiteen som har ansvar for barnerettar. Komiteen har fått vite at sosialarbeidarar brukar to minuttar på kvar risikofamilie — i mangel av standarder. Han skriv også at det israelske samfunnet er på topp i den internasjonale handelen med kvinner.
«Eit slikt samfunn er verken jødisk eller demokratisk», skriv rabbinaren.
Og så går han laus på finansminister Benjamin Netanyahu og «den magiske løysinga» hans — som Melchior kallar «bulemisk privatisering».
«Dei siste åra har det israelske samfunnet privatisert seg sjølv til døde.»
«Tiggarstat».
Han klagar i utgangspunktet ikkje over at rike velgjerarar i jødiske samfunn i ulike land hjelper til i Israel med sosiale føremål. Men han skriv at den jødiske staten var meint å ta vare på alle borgarane, ikkje berre dei rike.
«I tiggarstaten er det ingen plass for einslege mødre, gamle og handikappa. Filantropane (velgjerarane) føretrekk å gje pengane sine til grandiose marmorbygg eller til ambulansar der dei får namnet sitt i innskrift».
Han åtvarar mot ein akutt fare for at utdanning, helse og velferd kollapsar.
«Der det er privatisering, der er det ingen ansvarleg minister. Konsekvensen er at utsette barn ikkje lenger har ei røyst ved regjeringsbordet.»
Han legg til at overklassen har tid til å vente eit par år til på den skatteletten som «den magiske Benjamin Netanyahu» har lova dei — kring fire milliardar kroner. Pengane burde vore brukt til barn, einslege mødre og eldre, meiner Melchior.
«Hadde regjeringa gjort det, ville kanskje det eldre paret som «takka» Netanyahu før dei tok sjølvmord på grunn av økonomisk krise, ha takka han personleg. Hadde regjeringa gjort dette, kunne ho ha skrytt av at ho leier ein jødisk, demokratisk stat», avsluttar Melchior artikkelen.
Grunnlaget.
— I artikkelen sår du altså tvil om at Israel under denne politikken kan kalle seg ein jødisk, demokratisk stat. Kvifor reiser du kritikken på så djupt plan?
— I den indre israelske polemikken vert det ofte snakka om at grunnlaget for den jødiske staten for det fyrste er busetnad og Landet Israel, og for det andre religiøs lovgjeving. Men for meg er det ikkje avgjerande kva jødisk innhald vi har i staten, men korleis vi som folk tek oss av kvarandre og kva sosialt nettverk vi gjev våre eldre og barna våre. For meg er det avgjerande å få fram denne sosiale dimensjonen for grunnlaget for ein jødisk og demokratisk stat.
— Du er ikkje inne på tilhøvet til arabiske borgarar i Israel og til dei palestinske naboane i denne artikkelen. Korleis vil du dra dette inn?
— Dette var den fyrste av ein serie artiklar om ulike tema. Eg skal etter planen skrive i Haaretz ein gong i månaden. Eg meiner at dei spørsmåla du nemner, også har å gjere med grunnlaget for ein jødisk stat. Eg leier den største israelske organisasjonen for sameksistens med den israelsk-arabisk-palestinske folkegruppa, svarar Melchior.



Støtt SMA-Norge

Liker du det du leser?

Senter mot antisemittisme får ingen offentlig støtte slik Israel fiender får. Vårt arbeid er dugnad. Sammen kan vi tvinge sannheten om Israel og jødene frem i det offentlige rom. På denne måten kan det økende hatet forebygges.

Du kan støtte oss på en enkel måte ved å opprette faste trekk (under), eller du kan abonnere på SMA-info. Dette koster 500 i året. Se menyen øverst.

Du kan også velge å gi oss engangsbeløp. Eller du kan støtte SMA ved å annonsere i bladet eller på web. Se menyen øverst.

Vipps: 84727
Bankkonto: 6242 10 60644

Fast trekk: Du kan nå enkelt sette opp fast trekk med bankkort: