I vedtaket heiter det mellom anna at leiinga ved Universitetet i Oslo ikkje går inn for akademisk boikott av Israel. Det blir peika på at open og fri meiningsutveksling er ein grunnleggjande føresetnad i akademia. Som akademikarar er det vår plikt å bidra til studiar av konflikten mellom Israel og palestinarane og til løysinga av denne konflikten, går det fram av vedtaksteksten. Det blir understreka at for å få det til, er det heilt avgjerande å ha kontaktar med begge partar i konflikten for å finna årsaker til krig og konflikt. Det blir også vist til at synet til universitetsleiinga er at kontakt mellom akademikarar på tvers av landegrenser og konfliktlinjer kan bidra til å byggja ned grenser, skapa nærleik og forståing som er grunnleggjande føresetnader for fred. Ein akademisk boikott vil også gripa utilbørleg inn i den individuell akademiske fridomen ved UiO, går det fram av det endelege vedtaket frå Universitetsstyret.
Fra Uniform, nettavis for Universitetet i Oslo
Ingen boikott
Universitetsstyret i Oslo gikk imot Helle Linné Eriksens forslag om akademisk boikott av Israel. Med ni mot to stemmer ble forslaget hennes avvist. Den andre stemmen var studentrepresentant Anders Venner Rindal.