Av: Abbas Zaki, PLO ambassadør til Libanon |
Innleiing ved SMA
Det er ikkje alle som har fått med seg at “fredsprosessen” er ein moderne versjon av “Fred i vår tid”, slik Chamberlain i 1938 godtok Hitler sine vilkår for fred og sameksistens. Om dette sa Albert Einstein at «Galskap er å gjenta ein handling gong på gong og forvente å oppnå forskjellige resultat».
Når ein del venstreorienterte jødar er så desorienterte og har late seg lura til å støtta riving av resten av Jødeland og danninga av ein terroriststat, ei mellombels tostatsløysing, som muslimar planlegg å nytta som eit krigsmiddel for å øydeleggja Israel og skapa ei muslimsk einstatsløysing, er det på tide å lytta til fienden.
Når arabiske tyrannar, den muslimske inkarnasjonen av Hitler (Irans president Mahmoud Ahmadinejad), wahabi-jihadistane i Saudi-Arabia og terroristorganisasjonen PLO støttar ei tostatsløysing — då må ein kvar intelligent person forstå at dette er ei felle. Her snakkar PLO, som vart skapt av Den arabiske liga i 1964 saman med det nye “palestinske folket”, som vart oppretta for det same mellombelse føremålet.
Det fylgjande er eit utdrag av eit intervju med PLO-ambassadøren til Libanon, Abbas Zaki på Arabic News Broadcast (ANB TV), 7. mai 2009. MEMRI tok opp og har omsett til engelsk både dette og eit anna intervju med Zaki:
Abbas Zaki:
«Det me treng er ein avtale, ikkje ein hudna [våpenkvile, red.]. Etter 45 års kamp har me krav på å koma fram til ei avgjerd på denne konflikten, ikkje berre halda fram hudna-en, som gjer det mogeleg for Israel å ekspandera dagleg. Mitt råd er: Me bør ikkje gje Israel ein hudna, for kvar gong Israel får ein hudna tryggjer dei posisjonen sin og vert sterkare rotfesta. Kva hudna?
Dersom dei ikkje trekkjer seg tilbake frå dei landområda dei tok i 1967 — kva hudna? Israel kjem til å verta ein uavvendeleg realitet og me kjem til å enda opp i små enklavar, og skal drivast ut med tida. Difor er det på høg tid at me finn ei endeleg, heilskapleg løysing. Arabarane talar om ei heilskapleg løysing og kjem med initiativ, og verda snakkar om ei løysing, likevel seier me: Lat oss halda oss til ein hudna. Nei, min ven. Personleg slutta eg meg til Fatah nokså seint, i 1962. Tenk over kor mange år det er! Skulle eg halda fram med å støtta hudna-ane? Det er umogeleg. Me vil ha ei løysing no.
Dei snakkar om ei tostatsløysing, og når den er oppnådd. … Sjølv Ahmadinejad, leiaren for rejeksjonistane i området, seier at han støttar ei tostatsløysing. Her er det ikkje nokon som lurer nokon.
Med tostatsløysinga vil Israel etter mitt syn bryta saman, for dersom dei trekkjer seg ut av Jerusalem, kva vert det att av pratet om Det lova landet og Det utvalde folket? Kva vil dei ha att for offera dei har gjort — berre for så å få beskjed om å dra sin veg? Dei oppfattar Jerusalem som ein by med ein åndeleg status. Jødane ser på Judea og Samaria som sin historiske draum. Dersom jødane forlet desse stadene, vil den sionistiske ideen byrja å kollapsa. Han kjem til å bryta saman av seg sjølv. Deretter vil me rykkja fram».
Kilde: TV-opptaket: www.memritv.org; omsett frå arabisk av MEMRI; Tekst av Zaki intervju